Nytt/Historisk/Vil stogge Torp
Homoavisen «Blikk»

Vil stogge Torp

26. August 1999
Vil stogge TorpKjell Erik Øie (skjemdump TV2)

Framstøtet til pastor Jan-Aage Torp i SeiersKirken for å hele homoseksuelle har skapt sinne i rekkene til homokamp-veteranene. No går Kim Friele og Kjell Erik Øie saman for å stogge den planlagde Exodus-konferansen.

Av Hans T Wiig og Hilde Holthe Berg, Blikk

No oppmodar homokamp-veteranar til krig mot «heling» av homoseksuelle. Skytset vart retta mot pastor Jan-Aage Torp i SeiersKirken som skal arrangere konferanse for den internasjonale «helings»-organisasjonen Exodus. Initiativet til kampen mot Torp og «helinga» kjem frå Kjell Erik Øie og Kim Friele, begge tidlegare leiarar av homo-organisasjonen Det Norske Forbundet av 1948 (DNF-48)

Exodus er ei internasjonal rørsle med utspring i USA. Den har som hovudmål å «gjenopprette» homser, lesber og transseksuelle og transvestitter sin seksualitet. Rørsla har dei siste åra fått vind i segla. Det har også Torps engasjement, ifølge han sjølv. Han har tidlegare fortalt til Blikk at verken han eller Seierkirken i utgangspunktet har spesielle interesser i høve til homoseksuelle, men at engasjementet er eit resultat av pågangen frå homoseksuelle som ønskjer hjelp. Trass i denne påstanden var Torp og Seierskirken godt profilerte motstandarar av innføringa av partnerskapslova i 1993. Og deltok mellom anna i ein demonstrasjon utanfor Oslo Rådhus då dei første lesbe- og homsepara vart smidde i hymjens lenkjer.

Styremedlem
Det var under Exodus-konferansen i Sèvrier i Frankrike tidlegare i år, at det vart bestemt at Seierskirkens dotterorganisasjon Til frihet skulle arrangere Exodus-konferansen i 2001. Arrangementet skal haldast på Hedmarkstoppen folkehøgskole og Torp ventar deltakarar frå nærare 30 nasjoner. Ifølgje Torp skal det også gjevast «hjelp» under konferansen. Torp vart vald til styremedlem i den internasjonale Exodus-rørsla under konferansen i Frankrike tidlegare i år.

Vil samle homo-noreg
Friele og Øie freistar å samle homo-noreg til kamp. - Vi skal invitere sentrale enkeltpersoner til eit møte i oktober. Målet er å mobilisere til kamp mot heling generelt og Exodus-arrangementet spesielt, fortel Øie. Det skal jobbast i høve til fleire spørsmål knytt til problemstillinga. - Vi ønskjer å auke det politiske presset på denne typen verksemd. vi vil også diskutere dei ulike typane «heling», og skilnaden mellom den såkalla terapautiske «helinga» utført av helsepersonell som er ulovleg og den lovlege forbønen. Vi kjem også til å sjå på alternative tilbod som oppsøkjer denne typen verksemnd. Og ikkje minst sjå på korleis vi kan hindre at Exodus-konferansen vert arrangert i Noreg.

Positive krefter
På lista over dei inviterte finst blant andre den sentrale LLH-leinga, Arbeiderpartiets Svein Dybing, Høgre-byråden Erling Lae, Tore Holte Follestad og Åse Prøytz frå Åpen Kirkegruppe, og den tidlegare leiaren av Kristelig Folkepartis Ungdom, Anders Gåsland. - Vi er også opne for andre positive krefter, sier Øie.

Utarbeide strategi
- Møte i oktober skal vere eit arbeidsmøte, med målsetnad om å utarbeide konkrete strategiar for å kjempe mot heling av homoseksuelle, seier Øie, som meiner at ein fram til no har vore altfor passive i høve til dette fenomenet. - Eg trur ikkje at vi har teke dette alvorleg nok. Det er snakk om ei internasjonal rørsle med tyngde og kapital.
Torp har den seinare tida lagt om argumentasjonen sin. I staden for å ta til orde for aktive rekruttering, seier Torp no at han tilbyr hjelp til dei trengande som bankar på døra. Denne nye strategien uroar Øie. - Det er alvorleg når Torp legg seeg på ei tilsynelatande liberal line. Dette er sjølvsagt bare taktikk frå hans side, eit strategisk grep, som gjer han vanskelegare å motarbeide. Og skal ein tru Torp, har han hatt kontakt med 100 homsar som har søkt hjelp. Det er alvorleg, seier Øie.

Powered by Cornerstone